Skip to content

Vassfarbrøtningen

Her gjengir vi foredraget om Vassfarbrøtningen Eldor Bråthen holdt på hedalsdialekt på Skrukkefyllehaugen på Vassfardagen i 2013.

Eldor Bråthen med boka "Vassfarbrøtningen"

Eldor Bråthen ga i 2007 ut boka "Vassfarbrøtningen". Oppdraget hadde han fått av Vassfaret Elvekasse. Foto: Arne Heimestøl

Je ska prate litt om brøtningen. Den har je aldri vøre med på, men je har lese litt. Aller fyrst bør je kanskje forklare forskjellen mellom «brøtning» og «fløtning». Brøtningskara sørga for å få transportert tømmeret ned elvene og ut til fjorden, i vårt tilfelle Sperillen. Fløtningskara tok det utover fjorden. Altså: Brøtning» i elvene, «fløtning» på fjorden.

Kongelig eiendomssalg og privilegietildeling

Nedhøgging tå skoga i vår del tå landet begynte ved kysten og åt seg innover langs elvene. Tømmer og plank var eksportvare, og det som var enklest å få skipa ut, vart naturlig nok teke fyrst. 1660 var sagbruksdrift stort sett bondenæring, men ein kongelig kommisjon fann ut at bøndene hadde fare ille med skogen.

Byprivilegia vart innført i 1662. All eksport skulle om kjøpstellen, og kapitalsterke byborgere fekk fullstendig herredømme over eksporten.

Land og folk vart regna som kongens eigedom. Kongen trengte pæng og selde store skogeigedommer til mange av dei samma kapitalfolka som på den måte fekk bukta og begge enda. Somme fekk eigedommer og privilegier som takk for tenester dei hadde ytt kongen. Ein tå dei var Jørgen Phillipson, muligens den fyrste som organiserte brøtning på våre kanter. Han kjem vi snart tilbake til.

På Ringerike, vesentlig omkring Hønefossen og andre fosser i nærmeste omegn, fanst det itte mindre enn 44 sagbruk. Dei fleste var eigd av drammensere, og drammensera utvida interessefeltet sitt stadig meire.

Trelastnæringa var og er sterkt avhengig tå det som skjer internasjonalt. Ser vi det som skjer eine og åleine ut frå våre eigeninteresser, kan vi si at bybrannen i London i 1666 var ei svært positiv hending. Norsk trelast vart sterkt etterspørt , og i 1670 var tollintektene, vesentlig trelasttoll, oppe i 350 000 riksdaler.

Jørgen Phillipson

Nå nærmer vi oss Vassfaret og Hedalen. Je har nemnt Jørgen Phillipson. Han var fogd i Gudbrandsdalen og gifta seg med dotter til ein sagbrukseiger og tidligere fogd i Christiania. På den måten hadde han sikra seg både jobb og tilgang til ein del kapital. Når det er sagt, skal ingen ta i frå Jørgen Phillipson at han var ein dyktig tenestemann og ein mann som såg muligheiter.

Trondheim var ei stutt tid under svensk herredømme, og under krigen som gjorde at Trondheim, dvs. Trøndelag, vart gjenerobra, var Phillipson ammunisjonsskriver. Som lønn for innsatsen fekk han ei rekke eigedommer og privilegier. Det var på 1660-talet, og vi lar dei ligge.

Vi går til 1671. Da sendte Jørgen Phillipson ein ny og meir omfattende søknad til kongen: I Ringerike, Valdres, Land og Hadeland finst det gode tømmerskoger som aldri har vøre utnytta. Skal ein få utnytta desse skoga, må ein bygges dammer og gjøre anna nødvendig arbeid. Folk vil få arbeid og inntekter, og dei vi bli i stand til å betale skatt. Det siste argumentet vog sikkert sterkt.

Problemet var, i følge Phillipson, at utbygginga låg utafor «bøndenes makt og formue». Phillipson lover å trå til med penger og kompetanse, men da må han og «partisipanta», dvs. dei pængfolka han gjør avtale med, ha forkjøpsrett til tømmeret og rett til å selja det videre. Ingen måtte få lov til å høgge uten å levere tømmeret til Phillipson og dei han har avtale med, og bøndene skulle bli pålagt å utføre arbeid mot rimeleg betaling.

Phillipson fekk rett til å bygge ut ei lang rekke elver. Ei av elvene som er nemnt, renn gjennom Hedalen og ut i Sperillen. Vassfaret er itte spesifikt nemnd i denna forbindelse.

Vi veit at Phillipson bygde ut vassdrag, bl.a. i Land, men vi veit itte om han kom til å bygge ut noe i Hedalselva. Det er heller tvilsomt. Det vi veit, er at ein trelasthandler i Drammen, Nils Iversen Tyrholm, i 1714 kjøpte halvparten av ein stor, oppbygd dam ved Strøen og at han med svært stor sannsynligheit dreiv ut tømmer frå Vassfaret.

Rettssak på Sørum i 1718

Forfedra våre måtte av og til møte for retten. For historieinteresserte følk er det bra, for rettsprotokolla dokumenterer litt tå det følk dreiv med.

Heromkring var mye «kriminell virksomheit» naturlig nok knytta til skogen og «forbrytelsa» kan grupperes i tre hovedområder. Følk høgg på feil side tå delet. Dei høgg for smått tømmer (minstemålet var 16 tommer i diameter på to fot høg stubbe.), eller dei tok i mot forskudd for tømmer dei itte greidde å få levert til rett tid.

Det siste var anklagen mot nesten 40 sør-aurdøler som møtte på sommertinget på Sørum 11. juli 1718. Alle sammen hadde seld tømmer til Nils Iversen Tyrholm, og omtrent alle sammen lova at han skulle få det tømmeret han hadde krav på. Leveringsplasser som er nevnt i den forbindelse er bl.a. Nevlingen og Strøeselva.

Lov om tømmerfløting. Urula og Aurdøla elvekasse

Den eldste av elvekassene her omkring, er «Urula og Aurdøla elvekasse.» «Elvekasse» er vår lokale betegnelsen på det som lovgivera kalte «Forbygningsforeninger.» Lov om tømmerfløting kom i 1854, og anbefalte at folk burde slå seg sammen og danne slike foreninger for å lette tømmerdrifta.

Det interessante er at eit slikt initiativ dukker opp her på våre kanter så tidleg som i 1845. Nokon hadde planer om å drive tømmer gjennom Juvbråtåklypa i Urula og innkalte andre interesserte for å avtale nødvendig mineringsarbeid.

Den foreløpige enden på den visa vart at Ole Goplerud skulle bestyre arbeidet, og at hår og ein skulle innbetale to skilling per tylft som dei planla å drive gjønnom Juvbråtåklypa. Seinere, i 1846, vart det vedteke meir omfattende og detaljerte bestemmelser om bl.a. rodeinndeling og avgifter. Dei bestemmelsa vart tinglyst på tingstedet Vold i Søndre Ourdahl i oktober 1847.

Avtaler om Aurdalsdammen. Johan Fredrik Thorne

10 år før denna tinglysinga, altså i 1837, var Hedalens fyrste formannskapsmedlem, Anders Storruste ein tur til Drammen. Han hadde med seg fullmakt frå følk som åtte skog i Vassfaret, og skulle forhandle med trelasthandler og skogeier Johan Fredrik Thorne. Thorne var ein foregangsmann på mange områder.

Ein god del meir om han finst å lesa i boka om Vassfarbrøtningen. Her får vi nøye oss med å nevne at Thorne blir omtala som «den fremste drivkraft i Buskeruds næringsliv». Han var ridder av Danebrog og Nordstjerneordene, og kanskje alle viktigst for oss, han hadde 30 000 mål med skog i Hedalen og Hedalsvassfaret.

Omkring Hønefoss åtte Thorne itte mindre enn ti sagbruk.

Da han kom heimatt frå Drammen, hadde Anders Storruste med seg den avtala han hadde drage til byen for å få i stand. Thorne påtok seg å bygge opp Aurdalsdammen og holde den vedlike. Som godtgjørelse for desse utgiftene skulle Thorne ha ei ort per tylft tømmer, men det er interessant å legge merke til at avgifta skulle betales for tømmer som kom «av Ouralahengslet» og vart levert i Sperillen. For tømmer som vart ødelagt eller forsvant før det nådde Sperillen, hadde Thorne itte krav på betaling.
Johan Fredrik Thorne gikk konkurs i 1849.

Februarrevolusjonen i Frankrike førte til at trelastprisa stupte, og nye kjemiske oppdagelser skapte problemer for blåfargeverk basert på kobolt. Thorneskoga i Vassfaret vart seld, i likheit med alt det andre han åtte.
7. juni 1875 vart det halde eit møte på Granum skysstasjon på Nes. Dei nye Thorneskogeigera ville selja Aurdalsdammen til Urula og Aurdøla elvekasse.

Elvekassa kjøpte dammen og skulle betale etterhårt som dei fekk pæng å betale med. Kjøpesummen var 500 riksdaler med 5 % årleg rente. Kronesystemet var innført samma året, men det brydde dei seg itte om.

Hvor lang tid nedbetalinga tok, veit je itte. Tømmerprisa gjekk jamt oppover på 1880-talet og det vart mulig å levere småtømmer. Årsaken til det var tresliperia som det nå vart stadig fleire av. Det fyrste tresliperiet ved Begna, Hofsfoss Træsliberi og Papirfabrik A/S, var etablert i 1872.

Trelastdireksjon og kanalvesen

Til nå har vi konsentrert oss om dei elvekassa, altså samarbeidet mellom dei som skulle levere tømmer. Kjøpera var før ute. Drammens trælastdirektion vart stifta allerede i 1807 etter initiativ frå grev Herman Wedel Jarlsberg som da var amtmann i Buskerud. Denna direksjon hadde no dei skulle ha sagt om hå hen tømmeret skulle leveres og deles. Direksjonen forlangte at tømmeret skulle leveres og deles ved sørenden av Sperillen, itte ved Urulahengslet.

Elvekassa for sin del kom med eit radikalt motforslag. Dei henstilte til kjøpera å ta i mot last på land langs Urula heilt opp til Åmot (dvs. der elva frå Vassfaret møter elva gjønnom Hedalen.) Det gjekk ein del år før det vart gjennomført. Eit anna konfliktspørsmål var hensynet til dampskipstrafikken på Sperillen.

Strøeselvens elvekasse

Vi dreg innover Vassfaret i staden, og registrerer eit forslag som Helge Næs la fram i 1889. Han foreslo at styret i elvekassa skulle begynne å bygge ny dam ved Strøen for elvekassas si regning. Interesserte skogeiere, inklusive hallinger, vart innkalt til møte på Strøesdammen. Det møtet kom fram til at det burde bygges ein ny steindam ved Strøen på samme stella som den gamle. Størrelse og konstruksjon er beskrive ganske nøyaktig, men styret fant det vanskelig å beregne kostnaden på ei så avsides stelle.

Samtidig var det klart at ein ny forening for skogeiere mellom Aurdalsfjorden og Strøen nå var i ferd med å bli danna. Urula og Aurdøla elvekasse overlet til den nye «Strøeselvens elvekasse» å bygge Strøesdammen, og tok samtidig på seg 1/3 av byggekostnadaden.

Elveutbedring. Veg til Aurdalsdammen

Arbeidet med å utbedre elva gjekk stadig videre. I 1894 tok Andreas Brenden, Tidemann Bruskerud og Tidemann Bruskerud på seg ein akkord ved Hespetrefossen i Aurdøla. Ut frå erfaringer meinte elvekassestyret at tømmeret leid mest skade på akkurat på den stella. Ellers er å fortelja at det vart innført klare regler for når damma skulle sleppes. «Aurdalsdammen slippes ikke før 3. pinsedag 08.00 med mindre dammen vil flyte over.»

I 1908 behandla styret eit forslag om å bygge ny veg fra Hedalen til Aurdalsdammen.

Eit interessant argument i den forbindelse var at vegen ville lette forbindelsen mellom Hedalen og Bergensbanen ved Flå i Hallingdal. Veg gjennom Vassfaret til Flå vart det ingenting tå, men det vart ny veg til Aurdalsfjorden og ny steindam. I tillegg vart det nytt bedehus i søre Hedalen. Ein stor kontingent kom frå Bjoneroa, blant dei Petter Bekkelund. Han var engasjert i kristelig arbeid, og sammen med ein del hedølinger fekk han danna misjonsforening og sett opp bedehus.

Interne diskusjoner

Økonomiske spørsmål sto naturlig nok på dagsorden titt og ofte. Skogeigera øvst og nedst i vassdraget var stort sett enige, men da fleirtalet i 1940 vedtok at avgifta i alle rotene skulle legges på fem øre per kubikkmeter, vart det ugreie. Skogeigera i nedste delen, der avgifta var lågest, ville i stella ha prosentbasert prisauke. Øretillegget vart vedteke og førte til 62,5 % prisauka frå Urulahengslet til Amundfoss motsvarande 5,4 % i rota tett nedom Aurdalsdammen.

Oppdemming og vassalg kontra møllevatn

To år sinere, i 1942, skjedde noko som skulle kåmmå te å hjølpe på økonomien. Begnavassdragets regulering ville kjøpe vatn til kraftproduksjon i den tida elvekassene itte hadde bruk for det til tømmertransport, og det vart gjort avtaler med elvekassene i Vassfaret angående damanlegga i Vassfaret. Av dessa er Strøesdammen størst. Den åtte Urula Aurdøla elvekasse og Strøeeselven elvekasse i hopes. Urula og Aurdøla hadde ein tredel og Strøeselven to tredeler. Nevlingsdammen tilhørte Strøeselvens elvekasse og Aurdalsdammen tilhørte Urula og Aurdøla.

I samma slengen tek vi ein tur ned i Hedalen og tar med at Aaslieelv og Fossbrøtta elvekasse avviste avtale angående Helsenningsdammen. Regulering ville ta vekk vatnet få Husemølla (også kalt Hedalsmølla) og dermed måtte følk reise heilt til Hen for å få møle kønnet sitt.

Tilbake til Vassfaret. Frå Urulahengslet til nørdst i Vassfare, eller i allfall nesten nørdst, hadde vi nå to elvekasser. Opptakten til Strøeselvens elvekasse vart gjort på Vikersund i 1889, og den fyrste generalforsamlinga vart helde i Drammen i forbindelse med Drammensmarken. Den praksisen vara ved til 1902. Da held dei si si fyrste generalforsamling på Granum skysstasjon på Nes.

Øvre Strøeselvens elvekasse

Den tredje elvekassa i Vassfaret, Øvre Strøeselvens elvekasse, med ansvar for brøtningen mellom Strøen og Trytekjennsvelta vart etablert i 1921. Statistikk for tømmerdrift i øvre og nedre Strøeselv frå og med 1940 og til brøtningen tok slutt i 1967, viser varierende tal. I toppåret 1958 vart avvirka 19170 kubikkmeter tømmer ovafor Aurdalsdammen.

Lastebila overtek

I 1963 var 25 mann med i brøtningen. Etterhårt overtok lastebila. For å kompensere for inntektstap ville Fossbrøtta og Aaslielv elvekasse ha avgift på tømmer som vart frakta med bil. Dei fekk til svar at det var itte mulig, og brøtningskvantumet minka fort. Den aller siste ordinære brøtningen føregjekk i 1968 og må ha vøre ganske beskjeden.

Øverste velteplassen var ved Bakkeholmbrua, eit stykkje utom kommune -og fylkesdelet. Fem mann deltok, og brøtningen var unnagjort på fem dagar. Nokon år før siste brøtningen hadde dei tre elvekassene i Vassfaret sli seg i hopes te Urula og Vassfaret elvekasse. Det skjedde i 1965.

Vern og kulturvernbrøtning

I 1985 vart det ved kongelig resolusjon oppretta 11 verneområder i Vassfaret på til sammen 261 000 dekar. 42 000 dekar av desse verneområde utgjør Indre Vassfaret landskapsvernområde som ligg i Vassfardalen frå Nevlingen og nordover. Skogsdrift i dette området skal drives etter planer som miljøvernmyndigheitene godkjenner.

Frå 1991 til 2005 vart det drive skogsdrift på gamlemåten. I 1998 besøkte 400 skoleelever og andre hogstfeltet ved Øvre Grunntjern og fekk se tømmerhogst og kjøring uten bruk av motorkraft.

Urula og Vassfaret elvekasse opphørte i 1994. Dei som berre hadde skog synnafor landskapsvernområdet ved Mana og Bogen, gjekk ut mot eit kontantvederlag, og resten fortsatte under navnet Vassfaret elvekasse.

Vassfaret elvekasse er ein «fløtnings-og reguleringsforening som eier og forvalter damanlegg, herunder damhytter og andre bygninger, frå Strøestjernet til grensa for landskapsvernområdet ved Mana og Bogen».

Stortingspresidenten kalla Kulturvernbrøtningen i Vassfaret «et strålende kulturtiltak.» – Dere tar vare på en verdifull del av vår kulturhistorie, sa Inge Lønning. Da han hadde sagt det, åpna han nåledammen ved Øvre Grunntjern, med god hjelp av prosjektleder Jarle Heiene. 250 kubikkmeter uberka tømmer dundra nedover elva og vart teke på land frå Nevlingen. Derifrå vart det frakta videre med lastebil.

Folk fekk iallfall «ein smak tå fuggel fugl», og Vassfarbrøtningen kunne kanskje vørte utvikla til eit større arrangement. I stellan vart det jamt slutt.

Om det er for bestandig, eller om Vassfarbrøtningen kan bli teke oppatt, er det nå opp til grunneiere, vernemyndigheiter og følk med pæng og innflytels å avgjøra i fellesskap.

Scroll To Top